Full pakke
Lokale - Matservering - Overnatting - Service
Hjå oss på Kilstraumen Brygge kan du halde møter, kurs og arrangement for din bedrift. Begge restaurantane våre kan gjerast om til møtelokaler og har plass til 100 gjester. Vi har alt teknisk utstyr fastmontert og rommet kan tilretteleggast etter dine behov og ønskjer. Om du held dagsseminar i Salongen og ønskjer ein god lunsj eller middag så serverer vi dette i Naustet. Kvelden kan kanskje avsluttast i Puben vår. Logistikken vert endå lettare når ein kan overnatte berre meter i frå møtelokalet. Vi har gode parkeringsplassar, og ein kan komme med bil, buss, båt og til og med helikopter til arrangementet! |